Vindusplass

Vindusplass

Installasjon nr.  54


Forfatter:  Helge Torvund
Sponsor:  Larvik By og Poesiparkens Venner

Vindusplass

Vindusplass

Eg lengtar etter kaféar
og restaurantar

Etter ein vindusplass
ein regndag som denne

Ein dag
stolen frå Gud

Sitja i ro
over ølglaset

Sitja i ro i mumlande mylder
Sitja i ro i stolen

I røyken
og lukta av kaffi

som på ein bølgje
ein flåte

svevande gjennom det heile
i regn

 

Installasjonen ble åpnet av dikteren selv Helge Torvund, da ha besøkte Poesifestivalen 2016 og fikk overrakt Wildenvey-prisen.