Ung son

Ung son

Installasjon nr.  67


Forfatter:  Halldis Moren Vesaas

Ung son

Ung son  (utdrag)

Vi veit vel båe at straumen som skil oss
kan enno bli breiare tid for tid.
Men aldri så brei at eg ikkje skal høyre,
her på mi strand, når det ropar frå di.

 

Her er hele diktet:

Handa som låg med sprikande fingrar
opp mot mitt bryst da du låg der og drakk
kviler i dag på ditt harde mannskne,
krøkt ikring ingen ting, ledig og slakk.

Vennleg mot meg. Eg kan ta henne varsamt,
snu handflata mot meg, sjå linjene der.
Men stum er di hand om den framtid ho gøymer,
veit ikkje sjølv kva ho vil, kven ho er.

Eg drøymer om alt som ei hand kan makte,
om alt ho eiger av gode ting,
men kan ikkje velje for di hand lenger
– du vel ikkje sjølv alt ho knyter seg kring.

Vi veit vel båe at straumen som skil oss
kan enno bli breiare tid for tid.
Men aldri så brei at eg ikkje skal høyre
her på mi strand, når det ropar fra di.