Mor

Mor

Installasjon nr.  81


Forfatter:  Knut Ødegård

Mor

I

Sit med eit fotografi.
Det er mors andlet som lyser
framfor det svarte berget.
Håret hennar i vinden.
Aldri stilnar vinden i mors hår,
aldri sluttar mors andlet å lysa
framfor det svarte berget.

II

Eg har ei mor i blå kåpe.

Ho grip handa mi, eg er
liten eg er redd, ho
leier meg.

Kåpa hennar er
stjernesådd.
Det er så høg snø
her vi går i den ubrøytte
Mjølkevegen: Ho
og eg.

 

Knut Ødegård fikk Herman Wildenveys poesipris i 2018. Her står han med ordfører Rune Høiseth under åpningen av hans installasjon i Larvik sentrum i forbindelse med Larvik poesifestival 2018.