Eg tenkjer på kommunen min.

Eg tenkjer på kommunen min.

Installasjon nr.  53


Forfatter:  Jon Hjørnevik
Sponsor:  Poesiparken

Eg tenkjer på kommunen min.

Eg tenkjer på kommunen min

Eg tenkjer på kommunen min,
eg tenkjer på deg støtt,
eg har tankar om kommunen min,
der kor eg er født.

Eg tenkjer på kommunen min,
du er min eigen hær,
for kommunen er der alltid,
du er meg alltid nær.

Eg tenkjer på kommunen min
når livet går i lås,
du gir meg vatn i springen,
du hentar skit og bos.

Eg tenkjer på kommunen min,
den fyller opp mitt sinn,
om andre skulle svikta meg
har eg kommunen min.

Stundom spør folk rundt meg,
kva eg no tenkjer på,
dei stivnar litt i maska,
når eg svarar så:

Eg tenkjer på kommunen min,
den reddar titt mitt skinn,
når eg har tenkt for mykje,
har kommunen lagt meg inn.»